Dei to andre tilbydarane er:
• Bertelsen & Garpestad AS med 82,7 millionar kroner
• Risa AS med 85,5 millionar kroner
Prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen seiar at prisane er noko høgare enn forventa. Han håpar likevel å komme i gang med arbeidet snart.
– No må vi gå gjennom tilboda og kontrollrekne, før vi kan skrive kontrakt. Går alt etterplanen startar vi i løpet av seinhausten, seier Færaas.
Stenger Førrestunnelen
Målet med prosjektet er å bygge om krysset mellom E134 og fylkesveg 771 til eit planfritt kryss. Det kjem ei fylling i Førrestjørna der nytt påkjøringsfelt til E134 for austgåande trafikk blir lagt. Statens vegvesen bygger eit nytt kryss på toppen av Førresbrekka og ny veg ut og inn av E134. Denne delen av arbeidet blir tatt først for å lette omkøyringane som kjem seinare.
I samband med bygging av det nye krysset må Førrestunnelen utvidast for å betre sikten for dei som køyrer austover. E134 og Førrestunnelen blir dermed stengt i fire til seks månadar frå mars/april neste år.
Omkøyring
For buss og personbilar blir det omkøyring via Førresbrekka, medan tungtrafikk må køyre via Sveio eller T-forbindelsen.
Prosjektleiar Færaas er oppteken av at dei som bur i området skal kjenne seg trygge i perioden arbeidet pågår. Statens vegvesen arrangerer informasjonsmøte før tunnelen blir stengt og arbeidet startar.
Prosjektet er ein del av Haugalandspakken.
Innlegget er levert av Statens Vegvesen