Ordførar Harald Stakkestad er sjukmeldt dei neste 14 dagane. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ordførar Harald Stakkestad konstaterar at arbeidsledigheita i Tysvær framleis er under kontroll. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Det spriker i alle retningar

Kor mykje klokare dei omlag 200 frammøtte i Tysværtunet blei av dagens folkemøte om barn og unge er vanskeleg å seie. Men ein ting er klart. Folk er villig til å slåss for seg og sitt.

Ordførara Harald Stakkestad og rådmann Arvid S. Vallestad gjorde forsøk på å informere om kva som ligg bak rapporten frå Agenda Kaupang, ein rapport som mange både i bygdene og i ytre Tysvær tydligvis har latt seg provosere over. For det handlar om skule, sparing, nedleggingar og grenser.
– Me må ha ein prosess kor alle innspel som nå kjem inn i høyringsprosessen blir tatt på alvor. Me må gjere noko med kostnadane våre og eit skikkeleg politisk og administrativt arbeid må finne dei beste måtane å gjere det på, sa ordføraren.
Ingen skulenedleggingar
Rådmannen kunne fortelje at det ikkje var vilje i administrasjonen til å legge fram ei sak om skule nedlegging og skulegrenseflytting med det første.
– Slik me vurderar det nå, utan å førgripe, er at me treng tid på å snu kvar stein i denne saka. Me må finne løysingar kor me faktisk sparar pengar, sa Vallestad.
Blodig
Sjølv om neppe de to sine sin framlegg skapte jubel i salen var det raskt tydeleg at skulepolitikk også er ein kamp mellom bygder og ein kamp for det som er mitt hjarte nærast.
– Eg heiter Elisabeth Espeset Hamnøy og eg representerar Nappatjørn. Me har satt oss godt inn i tala som er lagt fram og ser at større skular og klassar er betre økonomi. Skal me måtte blø fordi dei vil ha småskular i bygdene, tordna den engasjerte velforeiningsrepresentanten før ho gjekk langt i å seie at politikarane i Tysvær var alt for feige når det gjaldt å tørre å kutte i, og å legge ned småskulane.
Ikkje uventa meinte Svein Dalva frå Skjoldastraumen det stikk motsette. Han valte likevel å ikkje snakke om andre, men å ha fokus på det tala som er med i KOSTRA faktisk omhandlar og kva det har å seie om «hans» skule forsvinn.
– Men eg vil tilslutt likevel minne folket på Nappatjørn om at halvparten av innbyggjerane i kommunen faktisk ikkje bur på Frakkagjerd.
Intressant
Om spørsmålstillerane aldri så mykje tala for sin sak viste engasjementet på det opne møte noko viktig. Dette er ei høyring kor det kan komme inn gode innspel, innspel kommunen kan jobbe vidare med og som faktisk er ein pulsmålar på kor stort trykk det er i skulesaker.
Mykje anna blei også greitt lagt fram og forklart frå scenen i kulturhuset, men ingenting engasjerar som skule. Heldigvis vil mange seie.
– Folk fekk seie det dei hadde på hjarte og me prøvde å¨svare så godt som me kunne. Nå håper me at dei tar og leverar inn dette skriftleg før freisten går ut den 20. september. Skuledebatt skal me ha og ingen politiske vedtak er gjort i denne saka til nå. Det var det viktig for meg å få fram, avsluttar ordførar Harald Stakkestad.