Rute 9 er ei populær bussrute i Tysvær. Nå kjem det også eit ekspressbusstilbod.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kolombus gjør np grep angående skoletransport.

Kolumbus utvidar ekspressbusstilbodet

Mange er blitt glad i rute 9 frå Garhaug til Haugesund. Men mange meiner også at den tar for lang tid. Nå kjem X9.

X9 er namnet på ei ny ekspressrute som startar 18. august og som skal ta deg frå Garhaug/Grinde til Haugesund på 25 minuttar.
– Dette har vore eit ønske me har fått mange innspel på og nå har me endeleg klart å få ei slik ekspressrute inn i tidstabellane våre. Bussen vil då kjøre frå Grinde langs E134 til Skåredalen kor den tar av mot sentrum. Det betyr at den ikkje svingar nedom mellom anna Frakkagjerd, og at dei som vil ta ekspressbussen difor må gå til hovudvegen og gå på der. Dette er eit tilbod me er svært godt nøgde med å presentere nå til skulestart, seier direktør i Kolumbus, Odd Aksland.

Les meir i papirutgåva.