Kvinner kan, men vil dei?

1. september skal det arrangerast eit møte i Tysværtunet under den spennande tittelen «Damenes politiske aften». Arrangørane, som er på tvers av alle politiske parti, lovar ein sprudlande damekveld kor politikken står i høgsete.

Det er eit flott initiativ kor kvinnelege politikarar frå fleire kommunar er invitert og vil fortelje om korleis det er å vere i makta sitt sentrum i ein kommune.
Eg skal ikkje påstå at eg har dokument som viser at det er mangel på kvinner i politikken, men me veit av informasjon som blei sendt rundt til aviser før dei to siste vala, at kvinner blir spesielt oppfordra til å ta på seg politiske verv.
I Tysvær har kvinner alltid vore synlege i politikken. Borghild Yrkje var på mange måtar ein døropnar, som har gitt oss mange spennande politiske kvinner i åra etter hennar gjennombrot i ordførarstolen.
Og ser me litt vidare ut av det politiske liv så vil me også treffe markante kvinner i idrettslaga og andre organisasjonar kor Tysvær gjer det godt og står fram med veldrivne avdelingar. Det i friviljug arbeid, eller som leiarar av landsdekkande organisasjonar sine lokalkontor.
Dermed kan me slå fast at kvinner kan. Men vil dei ta på seg politiske verv. Vil dei kjempe om posisjonar i diverse utval og råd? Det er eit heilt anna spørsmål, og eg er ikkje sikker på om svaret i 2014 er eit rungande ja.
Difor er dette arrangementet på kulturhuset viktig av fleire grunnar. Ein kan vise fram døme på korleis den politiske kvardagen er gjennom innlegg frå mellom anna Karmøy sin Høgre-ordførar Aase Simonsen og Arbeiderpartiets stortingsrepresentant Hege Haukeland Liadal.
Ein kan også få fram, utan å drive politisk kamp, kor viktig det er for eit utviklande samfunn å ha kvinner med der makta rår. For om ein likar det eller ei, sett frå ein mann sin ståstad, så blir det både betre debattar og politisk arbeid når kvinner er med aktivt og kjem med sine erfaringar og meiningar. Og det er ikkje rart. I eit moderne samfunn som vårt er kvinner og menn likestilte, ei likestilling me stadig ser eksemplar på at ikkje er noko sjølvfølgje alle stader i verda.
Så for Tysvær si framtid så håper eg at det kjem mange til møtet den 1. september. Om ikkje for anna enn å bli litt inspirert og informert. Å bli politisk engasjert handlar heller ikkje berre om å sitje i kommunestyret eller stå på politiske lister. Det handlar like mykje om å bry seg og å vere med å påverke i samfunnsdebatten.
Klart at kvinner både kan og vil det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør