– Ikkje bra av oss dette her. Me gav frå oss initiativet og opna for at dei kunne komme inn i kampen igjen. Dei fekk tre daudballar og skåra på dei. Det skulle me ikkje la skje, men me var rett og slett ikkje på i andre omgang. I førsteomgang hadde me fart på ballen, kom rundt på kantane og skapte ein del sjansar. Men me skåra ikkje nok og difor blei det tap, seier trenar Rune Lindanger.
Espen Sørenes satte litt fart i kampen då han kom inn mot slutten og skåra to mål.
– Eg såg det var sjansar då eg sat på benken og sa på spøk at eg skulle skåre om eg kom inn. Eg fekk to gode innlegg og skåra to mål, men likevel blei det tap. Me fekk ein stor sjanse også heilt på tampen, men Geir Espevik satte ballen over mål, forklarar Sørenes.

Meir om kampen og spelarbørs i avisa neste torsdag.
Andre resultat:
Haugaland – Vats94 1-3
Sauda – Ølen 2-3
Sveio – Karmsund 3-7
Faktaboks
Falkeid 3 (1)
Leirvik 4 (0)
5. div. avd. 3
Troppene
1-0 Joar Øvrebø (28)
1-1 Jan Helge Kalvenes (53)
1-2 Jan Helge Kalvenes (70)
1-3 Atle Lunde (77)
2-3 Espen Sørenes (80)
2-4 Thomas Breivik (90)
3-4 Espen Sørenes (90)
Dommar: Ole Boine, Djerv 1919
Tilskodarar: 30