4H Norge fraktar i desse dagar ei potet Noreg på langs, kryss og tvers. I dag, torsdag 21. august kom den til matfylket Rogaland.
Over tjue 4H-arar frå Tysvær, Vindafjord og Sveio var i ettermiddag samla til høgtideleg overrekking ved ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal, ved Hodnafjellet. Her hadde dei potetløp og opplesing frå poteta «Petra» si eiga dagbok. På si ferd frå Finnmark til Rogaland har ho jammen vore med på mykje! syns dei frammøtte 4H-arane.
– Nesten alle dei 41 lokale klubbane i Rogaland er engasjert i samband med dette prosjektet, fortel Synnøve Jørgensen, dagleg leiar i 4H Rogaland. Dette betyr at dei vel 1500 medlemane våre tar ansvar, er kreative og bevisst 4H sine verdiar, seier ho stolt.
Målet med prosjektet er å synleggjere 4H sine haldningar i matpolitiske spørsmål. 4H som organisasjon syns det er viktig med matproduksjon over heile landet og at det skal vere enklare å rekruttere unge til landbruket. Dei ønskjer også ei bevisst haldning til maten vi et, samt å synleggjere kor viktig fysisk aktivitet er.
– Saman med Skjold 4H, Fjordsol 4H (Tysvær) og ordføraren i Vindafjord har eg fått æra av å gjennomføre første etappe innafor våre fylkesgrenser, fortel Maria. Første etappe går over fjellet, der vil nye 4H-arar frå Skjold 4H overta med sykkel, før medlemmer frå Freidig 4H skal sykle vidare, samt ro over Gjerdelsdalsvatnet for å nå dagens mål; Sandeid og Solstråle 4H.
Sendt inn av Synnøve Jørgensen, 4H, Rogaland.