Lars Magne Ullvang har mottatt Kongepokalen.  Daniel Salbu og Eivind Vold fekk sølv og bronse. Foto: Siv Jorunn Ullvang
Lars Magne Ullvang har mottatt Kongepokalen. Daniel Salbu og Eivind Vold fekk sølv og bronse. Foto: Siv Jorunn Ullvang

Lars Magne den nye «Kongen»

Lars Magne Ullvang vann i ettermiddag kongepokalen i padling etter sin siger på K1 1000 meter. – Utruleg herleg etter ein tøff duell kor eg avgjorde på målstreken, seier Ullvang.

Etter ein knallstart blirUllvang henta inn av Daniel Salbu omlag etter 200 meter. I løpet av dei 300 neste metrane rykka han i frå og tysværpadlaren var plutseleg tre båtlengder bak.
– Då satte eg inn rykket og merka at han stivna framføre meg. Eg tok meter for meter og i det aller siste «måljukket» spratt eg forbi og vann. Då var eg så sliten at eg kvelva og måtte ha hjelp for å komme til land. Der sto gratulantane i kø, men eg måtte rett og slett ha meg ein tur og spy ltt. Så sliten er dte lenge sidan eg har vore. Men så kjekt, så fantastisk og så spanande, seier 21-åringen.
Kongepokalen var i år på K1 1000 meter.
– det har trigga oss heile veka og eg har kjent spenninga i kroppen i mange dagar. Å få alt ut når det gjaldt som mest, er utruleg herleg. Dette skal eg nyte, seier Ullvang.
I ettermiddag er han i aksjon igjen, denne gongen i K1 200 meter.
Der padlet Ullvang inn til sin andre NM-tittel for dagen i Kristiansand.

Meir medaljar
Lena Dybdal og Gina Gedick tok sølv på K2 200 meter under ungdomsmeisterskapet.
På K4 200 meter padla kvartetten Lena Dybdal, Gina Gedick, Elise Erland og Helene Garnaas inn til bronse.