15. oktober tar Coop formelt over eigedomen og då startar dei nesten umiddelbart arbeidet med å få rive den gamle bensinstasjonen.
– Det er overtakingsdatoen og då startar prosessen med å rive det gamle bygget, og gjere det forarbeidet som må til for at me skal kunne bygge ny butikk. Me hadde dei første møta i 2010, så det har tatt tid, men nå er me endeleg klare til å starte opp, seier viseadministrerande direktør, Trygve Vikse.
Coop Extra
Det har vore knytt ein del spenning til kva type butikk Coop ville lande på.
– Det blir ein Coop Extra, som er billigbutikken vår. Det er til nå sju slike butikkar i vårt distrikt. I ein slik butikk er det omlag 5.500 varelinjer kor me skal ha fokus på ferskvarer med blant anna ein stor fruktavdeling, som skal vere nedkjølt for å halde på kvaliteten, i tillegg til mjølke- og kjøtavdelinga som skal skape ein viktig del av butikken. Det blir også ein faghandelsavdeling med det som folk forventar i våre butikkar. Alt muleg, for å seie det slik, seier Vikse.
Les meir og sjå bilete av den nye butikken i papirutgåva.