Lag frå heile distriktet møtte opp til spel på ni banar og skal ein tolke stemninga undervegs så blei det ein fin dag i Tysvær.
– Me har spelt tre bra kampar og vunne alle. Det er kampane som er det aller kjekkaste når ein er på cup. Og i dag var det fullklaff, forklarte Melina Alexandra Birkeland frå Stegaberg J12.
Også Førland-spelar Amelia Pieczkowska meinte det hadde vore ein kjekk dag på banen.
– Det var kjempekjekt. Eg har spelt både ute og stått i mål.Er nok aller kjekkast å spele ute, men det går heilt greit å vere litt keeper også. I den siste kampen kom også rektor på skulen og så på oss. Det var kult, seier 10-åringen frå Førland.
Meir om cupen i papiravisa på torsdag.