Om å gape

Jarle Utne-Reitan har fått ein flott start på sin kampanje for å bli ny ordførar i Haugesund. Han har allereie hamna på framsider og vore toppoppslag både på radio og fjernsyn.

Høgre-politikaren har skjønt at kampen om makta i Haugesund for lengst er i gang.
Denne veka har han gapa høgt og komme med, noko som kanskje skulle vere ein intern sak i Høgre, forslag til kommunegrenser på Haugalandet.
Det er artig å følgje denne debatten om korleis kartet for Haugalandet skal sjå ut i framtida. For der nokre tolkar dette som engasjement, så skal ein ikkje leite lenge før ein ser kva det er som eigentleg engasjerar. Det er ikkje grensene, men at Haugesund ikkje er ønska som ein del av den nye kommunen i det heile tatt. Ein etter ein legg ut og kommenterer at; ja me skjønar at det kan bli kommunesamanslåingar, men nei ikkje saman med Haugesund.
Det er frå mannen i gata til dei som styrer og steller i kommunane rundt.
Og eg meiner det er lett å forstå denne skepsisen for storebror i vest.
For det første ser eg ingen synleg fordel verken for Haugesund, Karmøy, Tysvær eller Noreg om «me» blir ein del av byen. Men det er ikkje tema i debatten nå. For nok ein gong er det måten debatten blir sparka i gang på som drep intensjonen om kva som er pluss og minus i denne debatten.
For ein må stille spørsmålsteikn om kven som er rådgivar for Utne-Reitan når han i ei tid kor omtalen av drifta av AS Haugesund viser ein by fullstendig ute av økonomisk styring, ønskjer at den i framtida skal bli enda større og at avstanden skal bli enda lengre frå dei som styrer og ut til der kor folk bur. Og at han ser det som naturleg at nettopp Haugesund er sentrum for ein slik ny kommune.
Heldigvis tolka eg vår eigen ordførar slik at dette ikkje er eit tog han umiddelbart hoppar på. Taktisk klokt og ein invitt til at folk skal kunne vere med i prosessen. For det er mykje som må avklarast før ein i det heile tatt kan opne for ein samanslåingsdebatt.
Likevel er det interessant å sjå kva reaksjonar som kjem frå folk flest. Det er eit signal om kva som ventar når kommunesamanslåingsdebatten tar til for fullt i valkampen. Eg håper det er ein vekkar for dei som har ambisjonar om å kjøre høgt ut og melde om sine eigne og partiet sine idear.
«Alle» meiner noko om kommunesamanslåing og «alle» ønskjer å komme med sine innspel. Det lovar godt for at me i åra som kjem kan få ein debatt som gir eit nytt Noregs-kart som me alle kan leve godt med. Tvang, fører sjeldan noko godt med seg, sjølv om det kan vere aldri så freistande når ein sitt med makta.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør