• Bilde 1 av 19 -

  • Bilde 2 av 19 -

  • Bilde 3 av 19 -

  • Bilde 4 av 19 -

  • Bilde 5 av 19 -

  • Bilde 6 av 19 -

  • Bilde 7 av 19 -

  • Bilde 8 av 19 -

  • Bilde 9 av 19 -

  • Bilde 10 av 19 -

  • Bilde 11 av 19 -

  • Bilde 12 av 19 -

  • Bilde 13 av 19 -

  • Bilde 14 av 19 -

  • Bilde 15 av 19 -

  • Bilde 16 av 19 -

  • Bilde 17 av 19 -

  • Bilde 18 av 19 -

  • Bilde 19 av 19 -

Fekk poenga og måla dei skulle

Stegaberg vann 6-0 over botnlaget Haugaland og held stø kurs mot ein muleg andreplass i 5. divisjon. Det var det viktigaste i kveldens kamp på Frakkagjerd.

av Alf-Einar Kvalavåg

Terningkast 4

Stegaberg 6 (2)
Haugaland 0 (0)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
1-0 Espen Tørresdal (2)
2-0 Vegard Stakland (36)
3-0 Dag Frode Tønnesen (46)
4-0 Erik Frøyland (65)
5-0 Ådne Nærheim (str. 74)
6-0 Vegard Stakland (80)
Dommar: Arne Tveit Katla, Sveio
Tilskodarar: 50

Allereie etter to minuttar låg den første ballen i mål etter ein heading av Espen Tørresdal. Etter 34 stussa Vegard Stakland i 2-0 og det var det meste som skjedde dei første 45 minuttane. Inga festførestilling, men Stegaberg skåra dei måla dei trengte.
– Me hadde fokus på å ikkje få kort, skadar eller dumme oss ut. Etter kvart var det også snakk om å få mest muleg mål mot Haugaland, sa Ådne Nærheim, som i løpet av ni minuttar i andre omgang var involvert i to mål.
Men berre sekundar inn i den andre omgangen var Dag Frode Tønnesen frampå og gjorde 3-0. Nærheim tok seg altså av 5-0 frå straffemerket og la opp til Erik Frøyland sitt 4-0 mål, før Stakland skåra sitt andre ti minutt før slutt.
– Me gjorde jobben og fekk poenga me var på jakt etter. Ingen stor førsteomgang, noko betre i andre. Dei låg lågt og var vanskelege å komme forbi. Men me skjerpa oss så pass at me kontrollerte i 90 minuttar. Var nok 15-0 i målsjansar og det fortel korleis kampen eigentleg var, sa trenar Thormod Ness.
På Stegaberg gjorde keeper Egil Stølsvik comeback etter ein periode i Haugar. Også Mandius Vårvik var på plass som spiss i Stegaberg.

Meir om kampen og spelarbørs neste torsdag i papiravisa.