Det har ikkje mangla på respons etter at me sist veke skreiv at Coop Haugaland nå skal bygge ny butikk på Frakkagjerd. Den 15. oktober tar dei over bygget og kan starte rivinga. Det betyr at «Minutten» sine glansdagar er over.
Eit spørsmål går att; – Kva skjer nå?
– Ja, kva skjer nå? Det er faktisk eit godt spørsmål som svært mange har spurt oss om dei siste dagane. Det som me veit heilt sikkert er at sundag 28. september er siste dag me har ope. Så skal me bruke 14 dagar på å pakke saman før Coop overtar heile bygget. Me har ikkje planar om å opne midlertidig andre stader, så 28. er utvilsamt ein heilt spesiell dag både for oss og dei mange trufaste kundane våre, seier Bjørg Tysvær Haukås og Benny Håkonsen.
Les heile saka om kva som skjer med Minutten i papiravisa