Med OL-vinnar i roing, Olaf Tufte, som heidersgjest har det vore fest i Straumen heile helga. Det starta med inspirasjonskveld på skulen, laurdag, med 170 deltakrar. Sundag var det tid for det 4. Sluseløpet og aldri før har så mange funne vegen og fått seg startnummer.
Det begynte i trimklassen, haldt fram i barneløpet og blei avslutta med over 160 løparar i konkurranseklassen. Og der var det mange som hadde som mål å komme før Olaf Tufte i mål.
– Eg høyrte det var mange som ville slå meg og eg var ikkje heilt i toppslag så eg var spent på kor lenge eg ville halde. Eg så Thomas (Finshus) langt der framme og merka ei stund at eg hadde same tempo. Det blei tøft på slutten, men eg blei berre slått av to, så dette er eg eigentleg strålande nøgd med, seier Tufte.
Og han har ein eigenskap som gir resultat.
– Når eg får eit startnummer på brystet er eg ustoppeleg, smilte den populære roaren som både delte ut medaljar og skreiv autografar til dei mange frammøtte.
Kjekt
For Thomas Finshus var det «all in». Som arrangør har han løpt både tidleg og seint dei siste vekene for at alt skulle på plass. Og med den stemninga som var i Skjoldastraumen er det ingen tvil om at han og hans team har lukkast. Prikken over i-en blei siger nummer to av fire i løpet.
– Dette var heilt perfekt. I dag hadde eg full kontroll og det var fantastisk å springe rundt her med så mykje folk langs løypa. Dette gav meirsmak så eg kan garantere nytt løp neste år, smilte Finshus.
Finshus vann på 15,44 minuttar litt bak persen som er på 15.08.
Maryna Novik frå Klypetusseb vann som i fjor kvinneklassen.
Meir om både barne- og eliteløpet i papiravisa på torsdag.
Resultata er ikkje klare før seinare i kveld.