Politiet twitrar ikkje nok på nynorsk, meiner mållaget.
Politiet twitrar ikkje nok på nynorsk, meiner mållaget.

Politiet bryt lova

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt bryt norsk lov. Det er på Twitter det skjer. Nå er dei meldt til Språkrådet for mangel på nynorsk.

På politidistriktet sin Twitter-konto er det nesten berre bokmål å sjå. – Dette er eit klart brot mot Mållova sin § 7 om offentleg språkbruk, seier Karl Peder Mork, leiar i Norsk Målungdom.

§ 7 seier at dersom statsorgan vender seg under eitt til fleire kommunar i eit avgrensa område, skal fleirtalsmålforma for kommunane nyttast. – At sjølvaste politet kan bryte norsk lov så regelmessig, er veldig spesielt, seier Mork. – Politiet har det same ansvaret for synleggjering av statleg språkpolitikk som alle andre, legg han til.

– Vi har no klaga inn politidistriktet for Språkrådet. No vonar vi at det kan vere med til å endre praksisen deira, seier Mork. – Dette kan henge saman med at politidistriktet kvitrar frå kontora sine i Haugesund, som jo er den einaste bokmålskommunen i politidistriktet.
Av dei tolv kommunane som blir dekt av politidistriktet, er det berre Haugesund som er bokmålskommune, medan Karmøy, Tysvær og Utsira er nøytrale. Resten er nynorskkommunar.
– For oss er det viktig å syne fram språkmangfaldet i Noreg. Ikkje minst er det særs viktig at dei 600 000 nynorskbrukarane i landet får sjå språket sitt i offentlegheita. At Haugaland og Sunnhordland politidistrikt då ikkje tek sin del av ansvaret som statleg organ og følger lova, er særs skuffande, avsluttar leiaren.

Dette er ei pressemelding sendt inn av Noregs Mållag.