Arvid Seldal jobbar konkret med fleire spennande fortettingar i ytre del av kommunen. Det treng slett ikkje vere langt fram i tid.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Arvid Seldal jobbar konkret med fleire spennande fortettingar i ytre del av kommunen. Det treng slett ikkje vere langt fram i tid.

– Kor kan me bygge?

Det er stor pågang av folk som vil til Tysvær. Mange vil også bygge sjølv, men kor er eit spørsmål som går igjen.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Me tok spørsmålet med oss til rådgjevar for utbygging og eigedom i Tysvær kommune, Arvid Seldal.
– Det er eit godt spørsmål som det er fleire svar på. For det første ser kommunen både kortsiktig og langsiktig når ein planlegg bustadområde. Det same gjeld når ein ser på mulegheiter for fortettingar i allereie etablerte områder. Så om ein vil kjøpe seg tomt i dag, så er det ein del både kommunale og private tomter for sal. Ser ein litt større på det har kommunen i dei næraste åra fleire områder under utvikling og regulering, seier Seldal.
Over alt
Ser ein fem år fram i tid vil det vere naturleg at ein har starta bygging og gjort byggemodent på følgjande stader i kommunen:
Vestli, Nappatjørn, Frakkagjerd, Aksdal, Garhaug, Skjoldastraumen, Nedstrand, Padlane, Slåttevik og Kallevik-sør.
– Litt over alt med andre ord?
– Nokre av desse er nye prosjekt, andre er fortettingar. Nedstrand og Kallevik-sør er klare til å ta imot kjøparar nå. Det er ein del som må på plass når ein skal starte utbyggingar som gjer at ting tar tid. Det gjeld i hovudsak infrastruktur, som vatn og veg, men også skule og barnehage. Det betyr at det også må vere politisk vilje for å gå i gong med større prosjekt. Men me bruker mykje tid på å gjere den jobben me er sett til, og akkurat nå er det mange småprosjekt som begynner å falle på plass. Det vil med andre ord bety at det skal vere noko i kvar del av kommunen også i åra som kjem, seier Seldal.

Les heile saka i papirutgåva.