Av Mona Terjesen
Nok ein gong har Straumen skule fått 60.000 kroner i støtte av «Den naturlege skulesekken». Noko av midlane har dei brukt på eit krabbeforskingsprosjekt – som me fekk vere med dei på førre veke.
I undervisninga
Tidleg torsdag morgon førre veke møtte me 1.- 2.- 6.- og 7. klasse på Notaflot for å fange krabbar. Ungane skulle først hente dei inn, legge dei i kar, så måle skallet deira, finne ut om dei var jenter eller gutar, så tørke dei, markere dei med neglelakk, tørke dei igjen – så sette dei tilbake i sjøen. Resultata førte dei i eit skjema.
– Når me er ferdige her så skal dei minste teikne og lage tekstar ut frå det dei har opplevd. Dei eldste skal bruke resultata i mattematikken. Dei skal lage formlar, finne ut korleis bestanden er, og kor mange gute- og jentekrabbar som finst her. Det dei kjem fram til blir rapportert til Havforskingsinstituttet, fortel lærar og prosjektleiar Synne B. Pedersen.
Naturfagprosjektet har fått namnet «Skum» (kompetanse, uteundervisning og miljø), og er altså eit samarbeid med Havforskingsinstituttet – i tillegg til Friluftsrådet. Friluftsrådet var også med på undervisninga.
Les heile saka i vekas papirutgåve.