UTTALE TIL SKULESTRUKSTURFORSLAG FRA NEDSTRAND SOKN.

Nedstrand sokneråd ynskjer å gje uttrykk for uro til framlagt forslag om ny skulestruktur i Tysvær.

I dette forslaget ligger også forslag om at skulen i Skjoldastraumen skal leggast ned og elevane skal overførast til andre skular. I praksis betyr dette at skulekretsgrensene slik dei er i dag blir endra.
Nedlegging av skulen i Skjoldastraumen og endring av kretsgrensene vil ha sterk påverknad på det arbeidet og det tilbodet kyrkja gir til barn og unge i Skjoldastraumen som er ein del av Nedstrand sokn. Soknegrensen og skulen si kretsgrense er i dag nesten like, noko som gjer arbeidet til kyrkja enklare.
Kyrkja har i dei siste åra bygd opp trusopplæring, i prosjektet Kyrkjenær, for barn og unge i Tysvær . Dette arbeidet er i stor grad blitt organisert etter sokna og skulekrinsane sine grense. Ein nedlegging av skulen vil derfor i sterk grad påverke den vellykka satsinga på trusopplæring, slik den er bygd opp i dag.
Det er viktig at born og unge kjenner tilhøve til sitt nære oppvekstmiljø. Ei nedlegging av skulen vil og påverka det tilbodet som kyrkja gir til borna ,også på fritida. Ei nedlegging av skulen kan og føre til at lokale tilbod på fritida blir lagt til andre stader.
Nedstrand Sokneråd ynskjer at kyrkja i Skjoldastraumen og Nedstrand skal være tydelig til stades i folks og bygdas daglegliv. For at kyrkja skal lukkast med det treng vi byggje opp om lokale møtepunkt og legge til rette for lokal tilhøyring og identitet. Sjølv om Skjoldastraumen og Nedstrand er små kyrkjelydar, ser Nedstrand sokneråd på dei som to relativt aktive folkekyrkjekyrkjelydar med god oppslutnad, delvis fordi ein byggjar vidare på det som finns av lokale institusjonar. Til dømes dei lokale skulane og det dei skaper og ber av lokal identitet og samhald. Som kyrkje, saman med dei andre lokale institusjonane, trur vi at vi bidreg til at folk opplev kvardagen rik med gode tilbod for barn og unge, og naturlege og viktige treffpunkt for vaksne, som verkar integrerande i lokalmiljøet.

Ut frå dette resonnementet vil vi som sokneråd gje uttrykk for sterk uro til framlagte forslag om å leggje ned skulen i Straumen. Vi vil sterkt rå i frå eit slikt val. Vi trur det vil svekke bygda og verke negativt inn på korleis folk vil oppleve det å bu i Skjoldastraumen.

Mvh
Nedstrand Sokneråd
v/Kåre Gaupås