Eit toppa Stegaberg mot eit svært så redusert bortelag kunne berre ende på ein måte. Storsiger. Etter 16 minutt var det 1-0 og då dommar André Birkeland blåste av var det 7-0.
– Me hadde full kontroll i heile kampen. Trur dei hadde to skott på mål. Dei likte best at me sto i ro og tok duellar. Då me sette fart på ballen gjekk det for fort for dei, seier Kristoffer Askeland som skåra kampen første mål.
Og det blei etter kvart store rom å boltre seg i for kjappe Stegaberg-bein. Erik Frøyland spang inn to mål på eit minutt. Petter Lønning, dårleg trent og ute av form leika seg mot eit sluttkjørt forsvar og skåra to på fem minutt, etter at han kom inn.
– Viktig for oss å få desse måla. Me ser at Ølen har fått eit par skikkelege forsterkingar og Vats 94/Skjoldar er i god form. Difor må me gjere ein skikkeleg jobb sjølv om det var svak motstand i dag. Me får håpe dei samla krefter til neste kamp, kor dei møter Ølen, gliser ein nøgd Thormod Ness.
Stegaberg-trenaren hadde god grunn til å vere nøgd. Bortsett frå ein kort periode midt i 2. omgang var det spel mot eit mål.
– Kjekt at Dag Frode Tønnesen også fekk seg to mål. Han har spelt bra men ikkje vore like giftig foran mål som tidlegare. I dag var han der igjen, seier trenaren.
Jubel
Med tre tomålskårarar og 7-0 var det eit godt nøgd publikum som hadde funne turen til stadion på Frakkagjerd.
– Det var kjekt å spele i dag, så slike kampar vil me ha meir av, seier Erik Frøyland som var banens beste spelar denne gongen.

Mykje meir om vekas kamp og spelarbørs i avisa på torsdag.
Faktaboks
Stegaberg 7 (3)
Leirvik 0 (0)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd stadion
1-0 Kristoffer Askeland (16)
2-0 Dag Frode Tønnesen (24)
3-0 Dag Frode Tønnesen (35)
4-0 Erik Frøyland (52)
5-0 Erik Frøyland (53)
6-0 Petter Lønning (82)
7-0 Petter Lønning (87)
Dommar: André Birkeland, Djerv 1919
Gult kort: Jørgen Belt, leirvik
Tilskodarar: 60