Plangjennomgang av samla tenester barn og unge

«- uttale frå Utdanningsforbundet ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule.

Me vil nytte høve til å påpeike nokre konsekvensar som plangjennomgangen får for vår arbeidsplass.

Det blir lagt opp til at Tysværvåg skule blir verande i same bygg på kort, mellomlang og lang sikt.

Dei innsparingane som allereie er gjort i dei siste budsjetta har ført til at handlingsrommet til skulen er minimalt.

Særleg vanskeleg er det når skulen får tilflytting av elevar i løpet av eit skuleår. No har me inntil 31 elevar i klassar som har timar med berre ein pedagog. I 1. klasse kor me har 28 elevar, er det og timar med berre ein pedagog. Nokre konkrete døme som kan vere med på å synleggjere kvardagen for enkelte lærarar i Tysværskulen. Det går føre seg matematikkundervisning med ein pedagog åleine med 28 elevar. Kva meiner politikarane er forsvarlege gruppestorleikar i dei forskjellige faga og spesielt i realfag? Kor kjem moglegheita til tidleg innsats inn, og kva for nokre resultat kan ein forvente når ein ser kva som er praksis i skulekvardagen?

Sjukefråværet på Tysværvåg ligg under gjennomsnitt pr. no, men lærerar uttalar at dei tre veker FØR haustferien allereie er utslitne grunna auka arbeidsmengd og mykje undervisning åleine med store elevgrupper i fag som er spesielt krevjande både for elevar og lærarar.

Me ynskjer at politikarane i plangjennomgangen meiner noko om forsvarleg storleik på klassar.

Klasseromma er heller ikkje bygde for så store grupper, og ventilasjonsanlegget klarer ikkje å gi ynskt kvalitet på inneklimaet når gruppene blir så store.

Det er eit uttalt mål frå KS at dei ynskjer at lærarane brukar meir av arbeidstida si på skulen. Arbeidsplassane på Tysværvåg har ikkje ein standard som gjer dette mogleg. I dag sit det ni lærarar på 18 kvadratmeter.

Fysisk har skulen store manglar. Gymnastikkavdelinga har berre to garderobar. Kapasiteten til gymnastikksalen er for liten. Spesialromma til musikk, naturfag, mat og helse og kunst og handverk er dei eldste romma i bygget, og dei held ikkje ein god nok standard.

Utdanningsforbundet ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule har lenge hatt tru på at det skulle byggjast ny skule i området. Det ser me som mindre reelt no. Me håpar likevel at ein tar ei vurdering på kva tiltak som må gjerast for at me skal kunne gi eit godt tilbod til elevane i skulekrinsen.
Ei ombygging vil verte dyrt, men ein kan sjå på moglegheita for eit tilbygg.

Skulen har nynorsk som målform, men stadig fleire elevar vel bokmål. No har 66% av elevane bokmål, og talet er aukande blant dei yngste. Det gjer det dyrare å drive skulen.

Me ser det som særs nødvendig at det blir sett av midlar til:
• Utvida og betra kapasitet på spesialrom til kroppsøving, musikk, naturfag, kunst og handverk og mat og helse.
• Betre og fleire lærararbeidsplassar.
• Klarare retningsliner for kva som er forsvarleg klassestorleik.
• Ei avklaring på kva målform skulen skal tilby.
• Tysværvåg må få på plass eit betre utetilbod for elevane, her treng ein rask saksgong.

Tysværvågvegen 16. september 2014

For Utdanningsforbundet Tysværvåg
Kay Arne Wold