Har Tysvær meldt seg ut eller sett foten ned?

Laurdagens leiar i Haugesunds Avis har gjeve meg nokre tanker om dette.

Om avisa hadde vore til stades på kommunestyremøtet 22/9 hadde dei hatt eit breiare grunnlag for å kommentere dette viktige temaet.

I tillegg til Sigmund Lier sitt vel gjennomtenkte og grundige innlegg, hadde alle parti ordet. Dette syner kor viktig saka er for alle partia i Tysvær.

I 1998, trur eg det var, var det eit møte på Bokn skule om framtidsplanar, Rogfast og diverse rundt dette. Rogaland fylkeskommune, ved dåverande fylkesordførar Tom Tvedt, hadde ordet.

Bodskapen til Bokn og Tysvær kommunar var klar: «Nå måtte me sjå vår mulegheit, når Rogfast kom. Det er snart ikkje meir byggjeland rundt Stavanger-regionen. Bokn og Tysvær er berre 30–40 minutt frå t.d. Forus.»

Takka vere tidlegare framsynte ordførarar og administrativ leiing på 80- og 90-talet, har Tysvær kjøpt areal til dømes i Aksdal, Slåttevik og Skeiseid. Her ligg nå areal med tillegg av areal private aktørar disponerer, klar til vidare utvikling, i tråd med kommuneplanar.

I vår godkjende kommuneplan ligg desse områda inne, og i arbeidet med ny kommuneplan, som er i sluttfasen, blir dette vidareført.

Mellom anna med områdeplan for Slåttevik og delplanar under arbeid i Aksdal. I tillegg er me i sluttfasen av gjennomgang av tenester til barn og unge, fram mot budsjett 2015. Med dette som bakteppe og skrivet frå KS som er bakgrunn for denne saka tar eg med følgjande sitat:

Våren 2015 blir det lagt fram sak om tjenesteoppgaver i kommunane. Våren 2017 blir det lagt fram sak om ny kommunestruktur.

Litt frå teksten i KS skrivet: Innbyggjarar, organisjon og tilsette må få ein god prosess Kontakt med nabokommunar og kommunane må eiga og drive denne prosessen

For meg blir då det store spørsmålet: Har me det så travelt at denne prosessen skal starta med kommunane rundt oss (gjennom Haugaland Vekst) nå? Kan me vente til oppgåvefordeling er klar våren 2015? Kan me bruke tida fram til våren på intern prosess og forankre den breitt i det politiske landskapet i Tysvær?

Reknar med at alle i vår region veit kvifor Haraldstøtta er reist i Haugesund. Eg trur ikkje fleirtalet i Tysvær ser for seg ein ny bauta over person(ar) som samla Haugalandet til ein stor kommune. Siktar til utspel frå politisk hald i Haugesund Høyre.

I denne saken er det også naturleg å sjå på regionplanarbeidet som pågår. Her veit eg og vil understreka, at vår ordførar og administrasjon har stått på for Tysvær sine planar. I dette arbeidet er det dei same kommunane deltek. Her vart det tidlegare vedteke å gå for ei løysing som utvikla både sentrum (Haugesund) og områda rundt.

Når verkar det som det er omkamp om dette, med nye kart over kor ting skal skje. På desse karta er område i Tysvær, som er godkjende til t.d. bustad, tatt vekk. I tillegg er t.d. Slåttevik gitt lågaste prioritet og sett ut i tid.

Når fylkesadministrasjonen i dette arbeidet vel vekk det mest sentrale området i regionen, med omsyn til Rogfast, T-samband, Næringsparken og Kårstø, er det heilt utan tanke på framtida. Er det ikkje eit mål at folk skal bu i nærleiken av arbeidsplassar og kollektiv-aksar? Det finst ikkje busstopp med fleire avgangar til/frå Stavanger, enn Mjåsund.

Alle skal få vera med og seia sitt, men resultatet setter utvikling av vår kommune til sides til fordel for sentralisering og sentrumsutvikling rundt Haugesund.

Tysvær har ikkje meldt seg ut. Me vil vita kva oppgåver me skal ha ansvar for, og eiga prosessen og oppstarten på den.

Då kan me gå vidare og sjå på dei kommunane som har mest mogeleg lik vår struktur.

Dette er mine personlege tankar og ikkje på vegner av mitt parti.

Svein Terje Brekke