Arvid Bakken informerte kommunestyret om den ny reviderte kommuneplanen, som sikrar ein meir tydeleg plan for utviklinga i mellom anna strandsona.
Foto: Mona Terjesen
Arvid Bakken informerte kommunestyret om den ny reviderte kommuneplanen, som sikrar ein meir tydeleg plan for utviklinga i mellom anna strandsona.

– Bryt jordbrukslova

Frå og med 1. juli 2013 har nye reglar gjeldt for deling av landbrukseigedom. Det har Tysvær kommune framleis ikkje fått med seg.

Av Mona Terjesen

Førre veke hadde teknisk utval møte. I samband med ein parsellsøknad, var dei på synfaring på Nedstrand. Gardeigar ønskja å skilje ut ei tomt på eitt mål for bustadeigedom til sonen eller dottera si.
– I slike saker bør kommunen gjere alt dei kan for å seie ja, meiner Arvid Bakken (H) frå teknisk utval.
Provosert
Bakken har sjølv sitte som leiar i utvalet i eitt år, i Arvid Stokkenes sitt fråvær. Han framsnakka ei tillating etter synfaringa førre veke, og la inn eit motforslag til administrasjonen sitt nei. Dei andre politikarane i teknisk stemte ja, med unntak av eit av punkta;
«Samfunnsmessig er det positivt for den litle bygda. Kommunen har som målsetting å halde oppe busetnaden i alle deler av kommunen». Vidare viste Bakken til Kommuneplanen for 2012-2024, der det står at; levande lokalsamfunn i alle deler av kommunen gir god ressursutnytting og velferd for innbyggarane, det bidrar til å oppretthalde landbruksnæringa, og gjer at kulturlandskapen kan haldast ved like».
Dette punktet ville ikkje Senterpartiet ved Aasmund Austerheim og Arbeidarpartiet ved Per Molland vere med på.
– Dei meinar at det ikkje var hald i det, og at det var blåblå politikk. Eg forsøkte å få fram at det er lagt fram endringar på Stortinget. Desse meinte venstresida ikkje er vedtatt, at me må førehalde oss til dagens lov. Dermed stemte dei altså mot dette punktet.

Les heile saka i papirutgåva