Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tony Dalen (t,h) og Ingar Rektvedt jobbar det dei kan med å bli ferdige å bore gjennom fjellet og ned til sjøen. Til slutt kom dei gjennom og jobber er utført.

«- Hest er best, ingen protest

Det er full fart i ridestallen på Skeiseid. Flotte hestar og ivrige jenter, trener, koser seg og har det skikkeleg kjekt i saman. Slik blir det resultat av.

Det er noko i utsegna; hest er best, ingen protest. For det er vanskeleg å finne argumenter i mot. I alle fall når alle jentene møter opp i hallen ein sein måndag kveld for å fortelje om kva dei driv med. For det er nemleg litt av kvart.
– Det å vere i stallen og passe på ein hest er mykje arbeid. Men det er eit kjekt arbeid fordi ein får så god kontakt med hesten. I tillegg er det eit godt miljø her. Sportsleg går det mest i dressur og sprang. Dei fleste har vore trufaste og vore med lenge, seier Susanne Håland og Ingrid Kolnes Skjoldal.
Trening
Under kyndig vegleiing av trenar Vibeke Handå er dei to jentene kjapt oppå ryggen av hestane «Poppy» og «Comet». Runde etter runde hoppar dei to jentene over hinder etter hinder.
Og treninga har gitt gode resultat.
– Me har vore med på ein del stemner etterkvart og det har blitt mange gode plasseringar på oss. Eg fekk mellom anna ein 2. plass på nord-Karmøy stemnet nyleg og slik blir det rosettar av, smiler Kolnes Skjoldal.

Les meir og sjå bilete frå stallen i papiravisa.