Kven ville du stemt på…?

Om kort tid vil mange tysværbuar få telefon frå eit selskap som driv marknadsundersøkingar. Dei skal gjere ei kartlegging for oss i Tysvær Bygdeblad, ei kartlegging me skal presentere for deg som lesar, når resultata er klare.

Eit av spørsmåla er; Kva ville du stemt om det var kommuneval i dag?
– Ja, kva ville du stemt om det var i dag, 2. oktober, som var valdagen?
Har ting forandra seg sidan me sto utanfor vallokala for tre år sidan, eller er det mykje det same som er på den politiske agendaen.
Det er stadig fleire som påpeiker at det skjer ingenting i Tysvær, ein påstand som sjølvsagt ikkje er korrekt, men som for mange oppfattast som det totale bilete.
Grunnen til det er at det er skapt store forventningar og det i ein brei politisk front. Det omfamnar dei fleste bygder og tettstader og det gjeld både liten og stor. For det er ikkje å komme i frå at det var mykje spennande valflesk i sist valkamp, flesk som gjennom desse tre åra er slanka bort.
For når Falkeid IL inviterer til hastemøte på klubbhuset i kveld, om ein fotballhall, er det eit tydeleg teikn på at folk i søre-Tysvær ikkje tør vente på alle dei planane som skulle gjennomførast frå 2011-2015. Det var så mykje som skulle vere på plass og nå kan ein faktisk ende opp med at det einaste fysiske dei får er ein hall som ikkje var i planane i det heile tatt.
Kven sin feil dette er, eller om det i det heile tatt er feil, er vanskeleg å vere bombastisk på. Det som heilt klart er ein feil er forventningane. Og det gjeld for heile kommunen, om kor fort ting kan skje… eller ikkje skjer. Reguleringsarbeid og andre planar kor Tysvær ikkje aleine er med og bestemmer er ein festbrems. Det har blitt meir og meir tydeleg dei siste tre åra at framtidige prosjekt vil møte langt meir grov sjø, enn det både Tysvær og andre kommunar har møtt på før. Og her skil kanskje områda rundt Tysværvåg seg ut.
Her skal det jo skje så mykje i framtida. T-sambandet, næringsparken, Rogfast og nye store bustadområde. Det seier seg sjølv at eit toplankryss og ny skule med idrettshall låg latent til å bli valflesk. Difor er frustrasjonen sjølvsagt stor, når ein ser på kalenderen og merkar at det nå snart berre er 11 månadar til me har eit nytt kommunestyre, men ikkje eit nytt søre-Tysvær.
Ein annan festbrems som ikkje må glømmast er spareprosessen kommunen er inne i. Ein er blitt nøydt til å sjå annleis på ein del av iveren til å investere og å byggje nytt.
Her er nokre stikkord frå sist valkamp. Så kan du tenkje gjennom sjølv kva som har skjedd: Søre-Tysvær, Padlane, Aksdal, Skeiseid og Skjoldastraumen.
– Kva ville du stemt om det var val i dag?

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør