Espen Sørenes tok straffe og skåra for Falkeid mot Vats 94. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Sørenes tok straffe og skåra for Falkeid mot Vats 94. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Merkeleg kamp

Vats 94/Skjoldar hadde mest å kjempe for og vann tilslutt 3-1 over Falkeid. Men Falkeid gav dei god kamp og eit par rare dommaravgjersler prega kampen.

Etter 33 minutt kom den første meldingen frå det ein kan kalle nøytrale tilskodarar i Vats.
– Vats har tatt leinga på hands.
– Det var vel både hand og offside, sukkar lagleiar Tor Jostein Kallekodt.
Det var Kristian Langeland som sendte heimelaget i leiinga. Etter pause auka Jan Einar Frøland til 2-0 før Øystein Eide sendte heimelaget foran med 3-0. Så fekk Jan Egil Kallekodt to tvilsame gule kort (eit av dei) og blei sendt av banen.
Espen Sørenes skåra for Falkeid på ein straffe på overtid.
– Me har eit ungt lag som speler ein god kamp. Dessverre blir det litt prega av situasjonane som oppstår. Men me skal vere nøgde med innsatsen, seier lagleiar Kallekodt.

Faktaboks

Vats 94/Skjoldar 3 (1)
Falkeid 1 (0)
5. div. avd. 3
Vats stadion
1-0 Kristian Langeland (33)
2-0 Jan Einar Frøland (62)
3-0 Øystein Eide
3-1 Espen Sørenes (str.90)
Dommar: Rolf Magne Kristiansen, Vedavåg