Etter at Hordfast nå skal heite Bokn - Bergen er skjansane for ein firfelts veg frå Bokn til Aksdal blitt meir aktuelle.
Rogfast. Ill: Statens Vegvesen

Håp om firefeltsveg

Til nå har prosjektet med den nye delen av Hordfast mellom Bergen og Stavanger gått under namnet Bergen – Aksdal. Det har begymra dei som har slåss for betre veg frå Bokn til Aksdal. Nå blir det utviding av prosjektet.

Når Vegvesenet nå skiftar namn på prosjektet og i staden for Aksdal – Bergen kallar det Bokn – Bergen kan det få store konsekvensar for draumen om ein skikkeleg oppgradert veg frå Rogfast-tunellane til Akdal.
– Eg har fått stadfesta at ein nå har utvida dette prosjektet. Ein av dei som skal ha ros for sitt engasjement i denne saka er stortigsrepresentant Helge Thorheim frå Framstegspartiet. Han har tatt ho opp med samferdsledepartementet. Dette er eit prosjekt som ligg langt fram i tid, men planarbeidet vil ta til om ikkje så lenge og då blir det spanande å sjå korleis dei tenkjer med trasé-val. Kva side av Førlandsfjorden dei vil ha vegen, tildømes, seier ordførar Harald Stakkestad, som fekk meldinga om prosjektet i dag.
Det er nå snart tre år sidan Tysvær kommune spelte inn eit ønskje om firefeltsveg frå Bokn til Aksdal med tanke på trafikkauke når Rogfast og Hordfast ein gong står klart.