Ola S. Apeland meiner det er meir realisme i utviklinga av Aksdal om ein flyttar kjøpesenteret over vegen (merka gult). Nå skal planane diskuterast i kommuneplannemnda. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ola S. Apeland meiner det er meir realisme i utviklinga av Aksdal om ein flyttar kjøpesenteret over vegen (merka gult). Nå skal planane diskuterast i kommuneplannemnda. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vil flytte senteret over vegen

Utfordringane med å bygge eit nytt Aksdal Senter på sørsida av E134 er så vanskeleg at Ola S. Apeland (H) vil flytte heile senteret over vegen.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Ti år har gått og spørsmåla knytt til eit nytt Aksdal Senter er så mange og vanskelege at Høgre-politikaren har brukt sommaren til å tenke på eit alternativ. Denne veka får plannemnda og ordføraren eit fem sider langt dokument kor Apeland opnar for å sjå på eit nytt alternativ. I den såkalla raude trekanten vest for dagens kjøpesenter.
– Dette er meint som eit realistisk innspel til den vidare prosessen med reguleringsplanen og utviklinga i Aksdal. Bakgrunnen er at eg nå vurderer det slik at me er i ein kritisk fase i reguleringsarbeidet og at eg har ein uro for at me ikkje kjem i mål. Det er også viktig å påpeike at dette er på eige initiativ. Eg har hatt møte med medlemmer i Høgre og med dei tre i Aksdal Senterutvikling (ASU), og dei er positive til å vurdere innspelet seier Ola Apeland.
Konkret
Apeland har på eige hand teikna inn sin idé på eit kart over Aksdal. Der har han også idear om korleis ein kan løyse dei trafikale utfordringane, som i Aksdal har vore eit vanskeleg problem å ta tak i.
– Området kor eg har teikna inn senteret er heilt i aust mot rådhusvegen og kor eg ser for meg også ei utvikling av dagens parkeringsplass, dagens senter og eigentleg heile området som i dag er sentrum. Innkjøringa frå E134 må komme i ei ny rundkjøring litt lenger mot vest og Aksdalsvegen må rustast opp og vere ein del av trafikksystemet i Aksdal. Avkjøringsrampane som er der i dag kan då takast vekk og ein treng ikkje lokket over vegen, som tidlegare snakka om. Over E134 blir det då berre nærtrafikk, seier Apeland.

Les heile saka og les også kommentarar frå Bjørn Apeland i ASU i morgendagens papirutgåve.