Lars Magne Ullvang er ein av gjestane i Tysværtunet på laurdag.
Lars Magne Ullvang Arkivforo: Alf-Einar Kvalavåg

Invester i helsa di

Tysvær idrettsråd er bekymra for fråfallet i idretten. Laurdag inviterer dei til eit skippertak.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Nyvalt leiar av idrettsrådet i Tysvær, Dag Rønnevik, inviterer utøvarar, foreiningar, kjentfolk og alle andre til ein temadag i Tysværtunet. Målet er å få fram kor viktig det er å halde seg i form.
– Tysvær idrettsråd ønskjer å gjere noko med fråfallet me ser i idretten. Me har difor laga temadagen «Idrett for livet». På denne temadagen vil det bli laga til ein rullerande prestasjon av dei forskjellige idrettane med kontaktinfo til diverse lag. Denne vises under presentasjonane til dei inviterte føredragshaldarane. Me har oppfordra alle som driv med organisert idrett om å sende oss ein oversikt over kva dei driv med, slik at denne informasjonen kan komme godt fram, seier Rønnevik.
Gevinst
Rønnevik er ikkje i tvil om at aktive innbyggjarar er ein stor gevinst for kommunen.
– Det er ein stor gevinst for samfunnet men også for den enkelte som trenar. Ein tenker i dag spesielt på at folk blir eldre og eldre. Me ser at folk er flinke å sikre seg økonomisk til alderdomen. Men kva med helsa. Det hjelper ikkje med all verdas pengar om ein ikkje har helse til å nytte dei, seier idrettsleiaren.
Padlar og kongepokalvinnar Lars Magne Ullvang og «Noregs tøffaste» Geir Kåre Cemsoylu Nyland kjem og skal fortelje om kva idretten har hatt å seie for deira oppvekst. I tillegg kjem både lokalpolitikarar og idrettskonsulent Geir Stakkestad til temadagen. Dei skal snakke om korleis kommunen legg og vil legge til rette for trening i åra som kjem.
– Me har alltid ein tanke for dei som sit heime og som ikkje kjem i gang. Nå håper me at også dei kjem og kikkar på kva som eigentleg finnest i Tysvær. Det er eit fantastisk godt utval, både av idrettar og arenaer å utøve det ein ønskjer å drive med. Det er alt frå turløyper til nasjonale idrettsanlegg. Denne dagen skal vere ein vinn-vinn dag kor idretten skal få presentere seg og kor folk skal bli inspirert.
– Kva er mest avgjerande for at folk kjem seg ut?
– Det me ser mest tydeleg er pris og opningstider. Det vil det bli gitt informasjon om. I tillegg er det viktig å få fram alle dei mulegheitene som er og som er heilt gratis. Difor går me bredt ut og vil også sleppe til folk med spørsmål frå salen. Dette bør bli ein knallbra dag kor mange bør kunne bli inspirerte. Både dei som vil trene, men også dei som har tilbod å komme med, seier Dag Rønnevik som også lokkar med trekning av flotte premiar til nokre av dei som dukkar opp i Tysværtunet.