Geir Espevik likar slett ikkje at Falkeid har rota seg opp i botnstriden i sin siste sesong i Falkeid. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Geir Espevik likar slett ikkje at Falkeid har rota seg opp i botnstriden i sin siste sesong i Falkeid. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Har rota det skikkeleg til

Falkeid tapte torsdag 3-4 for Vedavåg 2. Det etter ein god kamp kor problemet var å få ballen i mål. To kampar før slutt kan Falkeid framleis rykke ned. Det gjer noko med stemninga.

– Eg har hatt litt dataproblem i dag og har ikkje fått sjekke tabellen, men me er klar over at Sveio kan ta oss igjen. Det hadde vore tragisk om det skulle skje, spesielt med tanke på alle dei gode kampane me har spelt, men ikkje klart å skåre nok mål, seier Geir Espevik.
Når han fekk tabellen opp på skjermen viser den av Haugaland er fortapt i botn av tabellen med sine null poeng. Så ligg Sveio under streken med sine 13 poeng, noko som ikkje blei betre då dei tapte for Leirvik 2-1, torsdag. Men opp til Falkeid er det berre fire poeng, når det gjenstår seks poeng å spele om.
Sveio skal møte Stegaberg og Ølen noko som bør ende med null poeng og dermed sikker Falkeid-plass.
Falkeid møter Haugaland og Torvastad, noko som bør gi tre poeng og sikker plass.
– Me må for alt i verda ikkje dumme oss ut mot Haugaland. Tenk om dei skulle vinne ein kamp i år og det mot oss, når me har kniven mot strupen. Eg trur me er inne i eit generasjonsskifte i a-laget nå og då er det viktig at me held plassen i 5. divisjon, seier Espevik.
Geir Espevik har vore ein av Falkeid sine beste spelarar i år, men nå seier ryggen stopp.
– Eg har slitt meir og meir denne hausten og har gitt beskjed om at eg gir meg. Skal trene litt i vinter og sjå om det blir betre, men er redd det er stopp nå, seier forsvarskjempa.
Burde klart det
Mot Vedavåg 2 klarte Falkeid nok ein gong berre nesten å hente inn ei leiing.
– Me hadde tre skott i treverket, men ballen ville ikkje inn. I tillegg hadde dei ein god keeper som tok ein del av det som kom. Tre mål var ikkje nok for oss denne gongen og det var bittert. Me frykta at Sveio hadde tatt Leirvik, men fekk høyre at det ikkje hadde skjedd. Så stemninga er ikkje heilt på botn, seier Espevik.

Faktaboks

Vea 2 4 (3)
Falkeid 3 (1)
5. div. avd. 3
Sletten kunstgras
1-0 Håvard Eriksen (1)
1-1 Joar Øvrebø (6)
2-1 Dag E. Einarsen (13)
3-1 Dag E. Einarsen (40)
3-2 Knut Austerheim (53)
4-2 Dag E. Einarsen (61)
4-3 Geir Espevik (73)
Dommar: Svein Hegland, Avaldsnes IL