Av Mona Terjesen
Idrettsrådet fryktar fråfallet i idretten og ønskja gjennom temadagen, å oppmode folk til å investere i si eiga helse.
– Vel rett
Tysvær har 20 idrettslag og nesten 4.500 medlemmer. Blant desse er det mange som har gjort- og gjer det svært bra. To tysvær-gutar som har markert seg sterkt, særleg dei siste åra, er Geir Kåre Cemsoylu Nyland og Lars Magne Ullvang. Laurdag fekk publikum i storsalen høyre MMA-utøvaren og padlaren dele sine suksesshistorier.
Noregs tøffaste-vinnar Geir Kåre viste kampbilde på lerretet og fortalte kva som driv han, korleis han tenker og kva ambisjonar han har. Han nytta høve, som utøvar som driv med ein annan idrett enn dei mest tradisjonelle i Tysvær, til å oppfordre også andre til å gå eigne veger.
– Det aller viktigaste er at de kom dykk ut, i aktivitet. Men finn ein idrett som passar deg, ikkje vel fotball berre fordi «alle andre» driv med det, sa han.
Les heile saka i papirutgåva.