Hilberg Nemeth skåra to kjappe mål mot Etne i kveld. Skjold vann til slutt 5-3. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Hilberg Nemeth skåra to kjappe mål mot Etne i kveld. Skjold vann til slutt 5-3. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Skjold slo kraftig tilbake

Etne opna friskt og kjempa Skjold ut av stilen. Etter ti minutt leia heimelagt 2-0. Men så vakna Brian Risanger og Hilberg Nemeth. Skjold vann 5-3. I kampen om opprykk har me fått ubekrefta meldingar om at Madla har slått Voll 5-1 og dermed rykker opp i 3. divisjon.

Dei første rapportane frå Etne gjekk ut på at heimelaget rett og slett kjempa Skjold ut av stilen og ville mykje. Men 2-0-leiinga blei spist opp av Brian Risanger og Hilberg Nemeth som snudde til 3-4 ved pause med to skåringar kvar. Heilt på tampen skåra Risanger sitt tredje for kvelden og stadfesta si stilling på toppen av toppskårarlista i Tysvær.
Etne rykker ned etter denne sesongen.
Haugar er framleis i 4. divisjon. Dei vann 2-1 over Skudenes i kveld.

Faktaboks

Etne 3 (3)
Skjold 5 (4)
4. div. avd. 3
Etne kunstgras
1-0 (1)
2-0 (10)
2-1 Brian Risanger (19)
3-1 (28)
3-2 Brian Risanger (str 35)
3-3 Hilberg Nemeth (36)
3-4 Hilberg Nemeth (42)
3-5 Brian Risanger (90)