Av Mona Terjesen
Nyopninga blei markert i går formiddag, med ordførar, rådmann, oppvekst og kultur og barnehagesjef tilstades.
Gjennomtenkt
Snorklippinga var det ordførar Harald Stakkestad som tok seg av.
– No erklærer eg barnehagen for opna, sa han høgtideleg, mens han fekk hjelp av Leon Wee og Dina Svindland Grip.
– Det har blitt ein flott barnehage med gjennomtenkte løysningar. Her er lyse og luftige rom, som er godt tilrettelagte for leik og pedagogisk aktivitet. Det er lagt opp til ulike temarom som alle skal kunne nytte seg av. Temarom som musikk og drama, puterom, atelier, og verkstad som kan brukast både i inneleik og uteleik. I tillegg er det lagt vekt på at lyd og lydforhold i dei ulike delane av barnehagen skal vere gode.
Les heile saka i papirutgåva