Forfattar Jostein H. Sandsmark mista jenta si Sara i januar. No kjem han til Tysvær for å dele sine erfaringar. 
Foto: privat
Forfattar Jostein H. Sandsmark mista jenta si Sara i januar. No kjem han til Tysvær for å dele sine erfaringar.

bLEST: Mista jenta si – skreiv bok om det

Januar i år opplevde forfattar og journalist Jostein H. Sandsmark alle foreldre sitt verste mareritt; han mista jenta si Sara. Under bLEST kjem han for å dele si historie.

Av Mona Terjesen

I januar var dottera til Jostein, Sara (13) og venninna Tirill (11) på tur i hestevogn med ponnien som Sara stelte. Dei var ikkje meir enn nokre hundre meter frå heimen til Sara i Bjørkelangen i Akershus, då dei brått blei påkjørt bakfrå. Jentene blei så hardt treft at dei seinare på dagen, døde av skadane. For å bearbeide sorga, gjorde Jostein det han kan best; tok pennen fatt og skreiv. Følelsane, tankane og refleksjonane har enda opp mellom to permar, i boka «Pass på liten og på stor». Han har også starta facebook-gruppa «Skynd deg å elske», som i dag har over 4000 medlemmar. Denne oppretta Jostein etter at det rann inn haugevis med brev frå folk etter at boka kom ut. No får dei alle moglegheit til å komme med tilbakemeldingar, eigne erfaringar og spørsmål via facebook-gruppa.
Søndag 9. november kjem Jostein H. Sandsmark til Nedstrand kyrkje for å dele frå boka si. Han snakkar om den tragiske ulykka, sjokket og sorga som ramma familien. Og om smila og livsmotet som etter kvart kom og berga dei gjennom det djupaste mørket.

Tvilar på Gud
«Kvifor kunne ikkje berre Gud forskyve historia med to sekundar? Er det for mykje å forlange?». Dette spør Jostein om i boka si. Han er kristen, og slit med å ikkje klandre Gud for hans fråvær, då Sara brått mista livet – berre 13 år gammal.
«Om Gud finst, om det er ei meining med livet, om det er eitt gram rettvise i dette universet, så bør han vise det nå, her Sara er skyve ut på kanten av stupet. Siste sjanse, Gud! Høyrer du? Eg kryp enda meir saman i stolen. Høyrer du? Det minste me kan få frå ovan, er nokre trøystens ord, eit fuktig, fruktbart løfte om at Sara skal klare seg – at Gud for éin gongs skyld, om så for ein siste gong, berger henne tilbake til livet. Høyr, Gud! Kan du ikkje legge dine eigne ting til side, eit bitte lite augeblunk? Men, nei da, langt ifrå. Frå himmelen er det like taust som alltid. Kva slags kjærleik er det?», skriv han.
Arrangørane av bLEST fortel at pappaen og forfattaren Jostein H. Sandsmark kjem til å ta seg tid til å svare på spørsmål frå publikum etter innlegget sitt i Nedstrand kyrkja.