Fullt hus i kinoen i Aksdal. Foto: Øystein Simonsen
Fullt hus i kinoen i Aksdal. Foto: Øystein Simonsen

Kinorekord på kinodagen

1.300 brukte laurdagen til å sjå film i Aksdal. Dermed var det klart for ein ny rekord for Tysvær kino.

Det var eit perfekt kinovêr og med mange spanande filmar på plakaten kunne kinosjef Øystein Simonsen notere seg ein ny flott rekord.

Han har lagt ut følgende gladmelding på Facebook:
«Nok ein besøksrekord for Tysvær Kino på Den store kinodagen 2014 , vi har passert 1300 besøkende, som er formidable 25 % auke frå fjorårets rekordbesøk. Takk til alle som kom!»