Rådmann Arvid Vallestad la i kveld fram eit forslag til budsjett for Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Rådmann Arvid Vallestad la i kveld fram eit forslag til budsjett for Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vanskelege budsjettvurderingar

Rådmann Arvid S. Vallestad la i kveld fram sitt forslag til budsjett for Tysvær. Nokon klare råd, men også mange uavklarte utfordringar.

Av Alf-Einar Kvalavåg
I ein for kvelden svært godt besøkt kommunestyresal kom både Vallestad og Økonomisjef Tor Leif Helgesen med klare tendensar i Tysvær si økonomiske utfordring i åra som kjem. Hovudårsaka heiter skattepengar frå Kårstø anlegget.
– Det at me ikkje veit kor lenge og kor mykje pengar dette vil gi oss i åra som kjem, gjer det svært viktig at me klarar å halde oss til dei sparetiltaka me har starta på. Det går rett veg, men det er inga tvil om at me har store utfordringar i vente. Eg veit at ein del av dei mange som har komme her i dag vil bli skuffa over mitt framlegg til budsjett, sa Vallestad.
Og alle dei som blei skuffa fekk skuffelsen servert svart på kvitt på ein av powerpoint arka på veggen.
– Det er ikkje rom for ny veg i Skjoldastraumen og dermed barnehage før i 2016/17. Prisen på vegen er 20 millionar kroner og det finnast det ikkje rom for. Det blir ikkje gjort utbyggingar i barnehagen i Tysværvåg før i 2017/18. I dag er det ledig kapasitet i Førresfjorden og då er det heller ikkje økonomisk rom for utbygging i Tysværvåg. Det blir heller ikkje ny brannbil og brannstasjon i Nedstrand før tidlegast i 2017/18. Dette er mitt forslag til budsjett, som politikarane nå må ta tak i, sa rådmannen.
Det blir framleis sett av pengar til idrettshall i Tysværvåg, men den må sjåast i samanheng med ein eventuell fotballhall på Troppene.
Lang prosess
Økonomisjefen gav eit godt bilete av ståa i Tysvær og forklarte også prosessen vidare.
– Formannskapen skal ha saka til handsaming den 2. desember før kommunestyret handsamar den på sit julemøte den 16. Det skal vere eit fleirtal bak eit slik budsjett, sa Helgesen som også påpeika eit par andre spørsmålsteikn rundt kommen sin økonomi.
Det gjaldt spesielt usikkerheita rundt utbetalinga frå Haugaland Kraft og rentenivået på låna til kommunen.
Sjølv om både rådmann og økonomisjef meldte om skjær i sjøen, var det ein viss optimisme over framlegginga. Så blir det opp til politikarane å gjere sine grep i tala som blei lagt fram.
Det er venta at Tysvær kommune i år går med eit overskott på om lag 17 millionar og ikkje eit underskott som me kom i skade for å skrive i sist papiravis.

Budsjettforslaget ligg ute på kommunen sine heimesider frå i morgon av.

Meir om budsjettet, samt reaksjonar i papiravisa på torsdag.