Audun Lysbakken samt medlem frå Rogaland SV og representantar for SV-miljøet i Vindafjord, Haugesund og Karmøy var alle på plass i Aksdal.
– Dette er eit ledd i vår mobilisering for valet i 2015. Det er behov for nye krefter på laget, og vi ynskjer på dette viset å opplyse og inspirere SV-sympatisørar i Tysvær og omland, seier Synnøve Bredal Bjelland i Tysvær SV.
Og Lysbakken var raskt i gang med å fortelje om kor viktig det er for kommunane og landet vårt at der er eit SV å stemme på.
– Me har så mange viktige saker som handlar om mennesker som i dag bli gløymt i norsk politikk. Det gjeld dei fattige og det gjeld innan likestilling. I tillegg har me formidable utfordringar knytt til miljø og klimaendringar. Skal me klare å snu den negative trenden me ser me dagens regjering så må folk som støttar oss også ha ei liste å stemme på i Tysvær. Difor håper eg at eg kan inspirere dei som er her i dag til å stå på, samt å oppfordre alle SV-erar der ute til å melde seg. Noreg treng oss, Tysvær treng oss. Me er eit nøkkelpart i mange viktige saker i åra som kjem, seier Audun Lysbakken.
Det var eit godt besøkt møte og det var tyeleg at Lysbakken var i godt selskap.
– SV i Tysvær og Haugalandet har mykje å vinne på å samarbeide politisk. Nå håper me alle på at dette samarbeidet kan ende opp med ei liste. SV har sin naturlege plass i kommunestyret her, seier Lysbakken.
Tysvær Bygdeblad kjem med eit lengre intervju med Audun Lysbakken og Tysvær SV i var papirutgåve den 13. november.