Skjermbilde 2014-12-07 kl. 20.01.09

Har funne godmiksen

Det er eit heftig spenn frå «Blue Christmas» til «O helga natt». Men ein ting har dei felles. Dei skaper god førjulstemning.

Julekonserten med Tenorane og Steffen Horn er blitt ein solid tradisjon i storsalen i kulturhuset. Når det berre er eit par ledige seter heilt bakarst, så har også publikum funne denne «perla» av ein førjulskonsert.
For om det finnest tusenvis av julesongar å velje i, så skal ein ha tunga beint i munnen og velje dei rette, når ein kjem tilbake år etter år. Og den jobben hadde tenorane absolutt gjort. Litt nytt, litt annleis og akkurat passe med dei gode gamle julesongane gav publikum ei flott konsertoppleving.
For Henrik Hundsnes er det ekstra stas å komme heim til jul og få presentere tenorsong med mange kjende i salen. Utan å måtte rangere dei tre tenorane for mykje, så kom Hundsnes denne gongen svært godt ut av det. Etter å ha vore sjuk ein kort periode var stemma herleg tilstades.
Sprell
Tenorar og eit klaver skal vere stilfullt og litt stivt. Men «våre» tenorar likar også å gjere litt sprell. Dermed blir det dans og moro med ein gong sjansen byr seg. Og med alltid like morosame Steffen Horn ved tangentane, smittar humøret over på publikum.
Likevel er dette ein balansegong på knivseggen. Mange av songane skal syngast med respekt, stivt og rett opp ned. Også det beherskar dei tre til fulle. Ole Marius Ryan leia ann i ein flott versjon av «Nordnorsk Julesalme». Rett etter var Horn i det muntre hjørnet og delte villig vekk korleis han opplever nyttårskonserten på fjernsynet, frå benken heime i stova. Muntert, men samstundes lett å høyre kvifor han har eit solid namn som konsertpianist.
Og ein må henge med i svingane for repertoaret er langt, stilartane mange og høgdepunkta kjem tett. Elvis Presley var ein «kløppar» på julesongar, og kvifor ikkje leike seg litt med nokre av dei. Hundsnes versjon av «Blue Christmas» fekk opp stemninga om muleg endå eit par hakk. Ikkje ofte ein ser smokingkledde tenorar på kvinnfolkjakt på rad ein.
Og om tenorane neste sommar sit ein eller annan stad og diskuterar kva som skal på programmet på den neste juleturneen, så er meir, og heile Elvis-songar noko som passar dei tre godt.
Seriøst bra
Men så er det dette med klassikarane då. Tenorar, flygel og dei store musikalske augeblikka.
I fjor var min favoritt «Det hev ei rose sprunge». Den satt ikkje like godt i år, men blei følgt opp av «Stille natt» og «O helga natt».
Klassisk framføring, perfekt og seriøst bra levert på eit høgt nivå. Og det er like artig kvar einaste gong ein er på julekonsert og publikum kjenner att opninga på «O helga natt».
– Nå kjem den, vitnar om kva forventningar det er i salen og kva enkelte songar har å seie for folk. Og når dei tre tar i, så høyrer ein kvifor tenorar og jul er noko heilt spesielt.
Og det kunne ha stoppa der. Suset i salen etter «O helga natt» var ein konsertslutt verdig. Men folket ville ha meir og trampeklappinga nådde dei fire bak sceneteppet.
Og lett joggande kom dei inn og runda av konserten med nynorskversjonen av John Lennon sin «Happy Xmas (War is over), som har fått tittelen «Så ha ei god jul då». Og etter litt allsong og endå meir applaus var det heile over. Tenorane kom, song og forsvann ut i vinternatta. Tilbake satt publikum inspirerte til å ta fatt på siste del av advent og julefeiringa.
– Det er alltid kjekt å komme heim til Tysvær og synge jula inn på denne måten. For mange startar jula når grana blir tent her ute og det er julemusikk å høyre. Å bli ein fast førjulstradisjon for så mange set me stor pris på, sa Henrik Hundsnes.
Og kommentarane på gangen etterpå var ikkje til å ta feil av.
– Heilt fantastisk.
– For nokre stemmer.
– Nå, blir det julestemning.
Så sant som det er sagt.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

Konsert
Tenorane og Steffen Horn
Tysværtunet
Storsalen
Henrik Hundsnes – song
Ola Marius Ryan – song
Aasmund Kaldestad – song
Steffen Horn – Piano
Fullt hus
1,30 timar

Dette song dei:
Julesong
Julen är här
Juletremedley
Believe
Gabriellas sång
Sancta Maria
Nordnorsk Julesalme
Deck the halls
Jing-a-ling, jing- a- ling
Sleigh ride
Jultomten er faktisk död
Nyttårskonsert medley
Elvis christmas medley
Det var ein gong ein julesong
Det lyser i stille grender
Det hev ei rose sprunge
Stille natt
O helga natt
Så ha ei god jul då