Dermed har me fått eit tippekonkurransevinnar frå Stord. Aldri før har så mange tippa og så mange hatt rette kupongar. Men me har heller aldri hatt ein vinnar som har funne kupongen etter å ha fått så mykje juling i ein kamp mot eit Tysvær-lag.
– Det var ein stygg ein mot Stegaberg. Me hadde ikkje så verst lag heller, men me mangla ein del ungdommeleg løpskraft. Måtte jo inn og sjekke på bygdebladet si nettside og der var det også ein tippekupong. I veke tre tippa eg tre Tysvær-sigrar, og eg må innrømme at eg ikkje heilt sjekka korleis det gjekk, seier Belt som har bak seg ei lang karriere i mellom anna Stord og Trio.
– Korleis er det med deg og tipping?
– Det er ein liknande konkurranse i Sunnhordland kor eg aldri har vunne noko som helst. Så nå får eg gi eit spark til redaktøren der, Magne Kydland, som også er kaptein på laget vårt, ler Belt tydleg glad over å vinne ein gåvesjekk på 5.000 kroner får reisebyrået GoTo.
– Det er så pass ja… Du verden det var ein skikkeleg flott premie.
Les meir om årets tippekonkurranse i papiravisa