Til ungdommen

Me har lagt bak oss eit par veker kor ungdommen vår har vist godt igjen i media.

Arne Ørke gjekk til topps i Yrkjes-NM og Nonstop vann nok ein gong den prestisjetunge First Lego League, og skal representere oss i København i finalerunden. Samstundes registrerar me at det ventelister på avløysarkurs og at mange ungdommar også ser ei framtid i ei svært utsett næring.
Tar ein og legg på alle idrettsungdommane våre så står me att med ein generasjon, som er langt betre enn sitt rykte.
For rykte vil alltid vere ein del av det å vokse opp. Slik er det nå, slik har del alltid vore. Men ungdommen kan tydelegvis prestere når det krevjast av dei. Og konkurranse ser ut til å vere eit nøkkelord her.
Yrkjes-NM har eg alltid hatt sansen for. Det er eit svært arrangement med mange klassar og sjølvsagt mange vinnarar. Ein finn frem til dei beste av dei beste. Opplegget rundt sjølve finalane er imponerande og det er tydeleg at ein har funne ein måte å skape stor entusiasme på. Og når ein kårar vinnarar og motiverar ungdommane til bli best, er ikkje det anna enn det ungdommar er vandt til.
For kva er det mange ungdommar brukar fritida si på. «Tvilsame greier» som dataspel og kikking på diverse fjernsynsprogram kor det nettopp gjeld å vinne. Kan det vere så banalt at dette nå kan nyttast til noko positivt. Kan det vere slik i 2014 at, for meg teite fjernsynsprogram, faktisk kan vere ei kjelde til inspirasjon for våre håpefulle.
Ein stad kor ein opplev dette på nært hald er under finalane i First Lego Leauge. Denne geniale måten å få fram fleire fag i skulen på, er ein måte som gjer at ungane både blir motiverte og lærde. Ein dyr suksess rett nok, men det ser ut til næringslivet skjønar kor viktig det er og sponsar dei kronene som må til. Dette er ein konkurranse, ein knallhard kamp om å vinne. Premien er ein tur langt frå det ein vanlegvis vinn om ein er skuleflink og går i 6., 7. eller 8. klasse.
Det ser for meg ut til at elevane taklar dette konkurransepresset og kastar seg ut i både oppvisningar og robotkampar, med hylande publikum tett på. Og kvifor ikkje. Dette har dei sett på fjernsynet gjennom program som «Idol» og «X-Factor». Dei er ikkje redde for å mislukkast, men har «gutsen» som skal til for å lukkast. Og gjer dei ikkje det, ja så prøvar ein på nytt neste gong det er ein sjanse.
Eg seier ikkje at ein på daud og liv skal konkurrere om alt, men det bør vere eit teikn i tida at våre ungdommar leverar resultat i fag gjennom ein konkurranseform, som me kanskje har vore skeptiske til. Å skape vinnarar, om det er med Lego eller skrujern, treng ikkje samstundes skape taparar. Det er slutt på den tida da «The winners takes it all».
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør