– Eg kan stadfeste det som står på nett frå i går om at det har vore eit innbrot på ungdomshuset og at politiet har pågripe to personar i denne saka. Tjuvgodset, som var alt muleg frå teknisk utstyr til verktøy, er levert tilbake til ungdomshuset. Eg har nettopp fått melding om hovudpersonen, ein ung lokal mann, nå blir framstilt for fengsling, seier lensmannsbetjent Atle Thorbjørnsen.
Det var i går kveld at ein oppdaga at nokon hadde vore inne i ungdomshuset i Førre. Ikkje lenge etter meldte politiet at dei hadde vore i ein bustad like ved og henta to mistenkte i saka. Der fann dei også det meste av det stolne utstyret.
– Dette er ein person me kjenner til og som har eit kommunalt butilbod. Eg trur ikkje folk skal vere fysisk redde for han, men det er ikkje kjekt å høyre om sprøyter som ligger slengt, seier Thorbjørnsen.
Fleire av naboane har reagert sterkt etter at det nok ein gong har vore ei hending i området.
– Me ønskjer ikkje å stå fram nå, men håper at kommunen og politiet tar tak i saka. Dette er eit skuleområde og då kan me ikkje ha det slikt, seier dei i ein uttalelse i dag.
Trist
Då me snakka med ein representant for ungdomshuset for kort tid sidan, kunne dei stadfeste at nokon hadde vore inn i ein del av huset som er under oppussing.
– Dessverre har me ikkje fått igjen alt utstyret, men heldigvis har dei ikkje drive med skadeverk. Me har utleige og dei som leiger hos oss treng ein del av det utstyret som nå er stole. Mellom anna har me dansegruppe, som sjølvsagt treng musikkanlegget. Dette er trist for oss, men også for dei narkomane det gjeld, seier eit av styremedlemma.
Ungdomslaget har også varsla Førre skule om at dei bør ta seg ein ekstra runde rundt om i skulegarden og kikke etter sprøyter.
Tysvær Bygdeblad har prøvd å få kontakt med dei fagansvarlege for butilbodet, men har ikkje klart å få tak i dei rette personane i dag fredag.
https://tysver-bygdeblad.no/2014/11/13/innbrot-forre-ungdomshus/