– Eg kan stadfeste at eg har slutta i Skjold og signert for Avaldsnes. Det same har Daniel (Aarås). Eg sluttar på grunn av måten klubben har handsama faren min på, seier Jonas Risanger, som denne sesongen var «Årets spelar» i Skjold og er son til Helge Risanger.
– Kva med broren din, Brian?
– Eg trur han er lei og sluttar med fotball.
Brian Risanger var Skjold sin toppskårar i fjor.
Risanger og Aarås til AIL
Fem Skjold-spelarar trener for tida med andre klubbar. To av dei har allereie signert for Avaldsnes.