Av Mona Terjesen
For eitt år sidan gjekk Naturvernkomiteen i Haugesund Turistforeining ut i media og sa nei til at Dalbygda Kraftsenter AS skal få bygge vindmøllepark i Dalbygda. Uttalen deira kom i samband med konsesjonssøknaden i saka. Dei meinte at søknaden var uklar og anbefalte NVE å ta han i retur for å hente inn fleire og meir presise opplysningar. Dei påpeikte også belastninga vindmøllene vil få på naturen.
No går bygdefolk ut og protesterer på planane. Dei har mellom anna starta ei facebook-gruppe der dei ytrar si misnøye.
«Me ønskjer å informere om naturøydelegginga og den fråverande klimagevinsten ved vindmølleparkar. Det har etter vårt syn vore lite merksemd omkring Dalsbygda vindmøllepark som er planlagt i fjella over Skjoldastraumen. Dermed var det få som kjente til planane og gav innspel under høyringsrunden. Ei utbygging av vindmøller på ein slik plass – som kan sjåast frå store deler av Haugalandet, vil vere ei visuell forsøpling av den vakre og eineståande naturen vår. Vidare vil det vere ein miljømessig katastrofe, om ein ser på kor lite straum ein får utav det», skriv dei på sida.
Les heile saka i papiravisa