Bli vant til det

Tysdag la Høgre/Arbeidarpartiet fram sitt forslag til endringar i rådmannens budsjett for 2015. Det same gjorde dei andre partia.

Det blei slik me skreiv her i leiaren for nokre veker sidan, barnehageutbygging i Skjoldastraumen og utbygging av barnehagen i Tysværvåg.
Det var også i forkant av same budsjettframlegg ein debatt om Tysvær skal gå saman med Haugesund om legevaktordninga. Formannskapet stemte ja med fem mot fire stemmer. Dei fem var frå Høgre og Arbeidarpartiet. Og det var også deira forslag til budsjett som fekk fleirtal (5-4).
Og det er berre å bli vant til dette, for begge dei to samarbeidspartia har ein heilt klar plan om å regjere i Tysvær etter valet i september. Alt anna enn ordførar og varaordførar må sjåast på som eit politisk stortap. Då må dei vere einige og dei må spreie sitt politiske bodskap på ein slik måte at folk faktisk trur på dei.
Og utfordringane ligg og ventar bak kvart einaste vegkryss i Tysvær.
Vinnaren i budsjettforslaga skal vere Tysværvåg. Eg er nå slett ikkje sikker på at alle i denne delen av kommunen tolkar dei punkta som er sett opp som ein direkte siger, og det er tvilsamt om det blir spretta sjampis etter det som blei lagt fram. For om det er slik at dei som bur der, og som stemte inn eit skikkeleg ras med politikarar frå dette området sist, er like imponert over det alle partia denne gongen legg fram, gjenstår å sjå.
AP og Høgre vil ha ungdomsskule i Aksdal. Kva tid det blir er det ingen som veit. Ikkje nå og ikkje i nær framtid, men ein gong. Dei andre partia vil lappe på dagens skule og ikkje legge vekk draumen om ein ny skule i Tysværvåg. Men skal ein tolke summane som er foreslått blir ikkje det nå, og heller ikkje i nær framtid.
Når legevaktordninga blir indirekte dratt inn i budsjettet, er det fordi rådmannen ser ein økonomisk gevinst i dette. Det hang AP og Høgre seg på. Nå skal ein, om kommunestyret meiner det same, gå inn i ein dialog med Haugesund. Då skal Tysvær komme med sine krav. Eit av argumenta er at ein vil jobbe for ein ny legevakt på Raglamyr, med legehelikopter og eit faglig sterkt miljø. For dei av oss som har vore på venterommet i Karmsundsgata, i timevis, så er det noko som er heilt på sin plass. Men med den kommuneøkonomien me ser på Haugalandet ligg nok dette svært langt fram i tid.
Kanskje er det ein invitt om at Tysvær likevel ser på Haugesund som den mest spennande samarbeidspartnaren i ein eventuell kommunesamanslåing. Om veljarane meiner det same får me vente å sjå. Men at me må venne oss til slike tankar, det må me berre akseptere.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør