Av Mona Terjesen
Dei siste to åra har kommunen tilbydt foreldrevegleiing gjennom såkalla ICDP-grupper (International Child Development Programme). Tre av helsesøstrene i Tysvær (snart fire) er sertifisert til å leie slike foreldregrupper. Kvart år har dei to grupper, med åtte foreldre som går kvar tysdag ettermiddag i åtte veker. Samlingane skjer i Aksdal helsestasjon sine lokale.
– Mødrer og fedrar er travle i dag. Det kan vere krevjande å vere foreldre. Kvardagen er travel og det blir lite tid til å tenke over samspelet med barna. Ofte lurar ein på kva som er rett og galt, korleis ein skal takle ting, korleis sette grenser osv. Dette kan det vere godt og fornuftig å få snakka med andre foreldre om. Det får dei i desse gruppene, fortel helsesøstrene Irene H. Vestvik, Torunn Grannes og Rita B. Førland.
Torunn er snart ferdig sertifisert gruppehaldar, dei to andre har drive på sidan tilbodet starta. Det same gjeld Gunvor H. Vik.
Les heile saka i papirutgåva