Tjuvar bak kvar ein busk

Det er advent og dessverre høgtid også for innbrottstjuvar. Politiet åtvarar nå mot både bandar og enkeltpersonar, som nyttar seg av førjulstidas stress og mas.

Dei stel med seg både arvegods og julegåver, som ligg gøymt heime i skapet.
Skal me godta dette og berre konstatere at det er ein del av det samfunnet me nå lever i?
Nei, me skal sjølvsagt ikkje det, og det er like viktig som alltid å melde frå når me ser noko i gata vår. For politiet har god kontroll på ein del av miljøa som driv med slikt, men er heilt avhengig av tips for å løyse ein del av sakene. Og av og til er det lite som skil om ei sak blir løyst eller ikkje.
Tysvær Bygdeblad er ofte i kontakt med politiet, og me har ein god dialog. Lensmannskontoret i Aksdal står fram som ein solid grunnbjelke i politiet på Haugalandet. Dei kjenner sitt distrikt, og dei har svært god kjennskap til dei miljøa som opererer frå adresser her i kommunen. Men dei vil gjerne ha tips, og nå før jul er dei ekstra på vakt.
Likevel blir det litt ekstra trist og gripande når ein høyrer om folk som har kjøpt julegåver og gøymt dei så godt dei kan, slik at ikkje ungar og kone eller mann skal finne dei, berre for så å konstatere at nokon har tatt seg inn og stole med seg alt saman. For kombinasjonen av at me har kjøpt ei gåve til nokon me er glad i, og at den er borte svir. Ein blir både trist og sint.
Heime kan me sikre oss med alarmar og gode låserutinar. Verre er det i bilen. Ein ser jo at ein bil fullasta med posar og gåver kan vere freistande.
Så kjem det vanskelege. Skal ein då ringe politiet og tipse om ein ser nokon som går og kikkar inn i bilar som står parkert utanfor butikkar og kjøpesenter?
Er me komme der? Eller… vil me komme der, at me mistenker alle som, kanskje av nysgjerrigheit, kikkar inn i ein bil full av pakkar?
Eg har sagt og skrive det før, men dei mange innbrotta me har hatt i Tysvær har gjort noko med oss. Det har skapt ein dårleg stemning, ei stemning som blir trigga når politiet sender ut pressemeldingar om at bandar er på veg mot Haugalandet. Også når privatpersonar opplever nettopp det eg har skrive om her, at julegåver og smykke er stole på høglys dag.
Difor er mi oppfordring å ringe, bli ein varslar, og vær med å stoppe dette medan me framleis har ein viss kontroll.
Me får godta og leve med at alt ikkje er som før, men det får vere grenser for kva me skal finne oss i.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør