Dermed har Tysvær fått eit fleirtalsbudsjett, som liknar mykje på rådmannen sitt, og endå meir på mindretalet sitt å jobbe med i 2015.
– Nå handlar det om å vise budsjettdisiplin, var det fleire som gjentok frå talarstolen.
Etter fem og ein halv time med både sakleg og uskaleg debatt kjempa dei 29 kommunestyrerepresentantane seg gjennom fleire tunge sakjer. Fleire av dei knytt opp til budsjettet.
Og nå kan endeleg «alle» i Skjoldastraumen heise flagget, for nå blir det barnehage og veg om ein skal tolke alle som tok ordet i kveld.
Det skal også bli spanande å sjå kva resultatet av ønskje om ein utredning av ungdomsskulestrukturen vil gi av kampar, når politikarane møtast etter juleferien.
Ein ting er sikkert. Tysvær er på rett veg. Det blei gjenteke til det kjedsamlege. Nå vil me ha handling som visar dette i praksis.
Les meir om kommunestyremøtet i papiravisa på torsdag.