Først var det Sparebank 1 SR-Bank som gav bort ein sjekk på 250.000 kroner. Sist helg kom Bjørnar Lund frå Gjensidigestiftelsen på besøk til Oddvin Øvernes og gjengen i Aksdal. Også han hadde med seg ein kvart million kroner.
– Heilt fantastisk at me kan få slike summar til prosjektet vårt i Dragavika. Nå skal me ruste opp og gjere den populære friluftsstaden endå meir tilgjengeleg. Dette er penger som skal komme alle til gode og me satsar på å presentere «nye» Dragavika neste sommar, seier Øvernes, som anslår at prosjektet, som mellom anna skal omfatte nye stiar, nye areal og toalettbygg vil koste omlag 1,5 millionar kroner.
– Dette prosjektet skil seg ut på mange måtar og me fann å kunne støtte dette. Det vil gi ein effekt for svært mange menneskjer og det å kunne ha ein samlingsstad der ein mellom anna kan symje, var med på å få fram eit ja i styret, seier Bjørnar Lund.
Les heile saka i papirutgåva