God jul & Godt nyttår

Då kan me servere Tysvær Bygdeblad nummer 48. Det betyr at me har lagt bak oss eit nytt hektisk år, tett på det som skjer i Tysvær.

2014 har på mange måtar vore ei utfordring for oss. Dei store avisene i landet er svært usikre, frykt som også smittar over på oss små. Dei seier opp folk, klager og syter. Me er heldigvis ikkje med i det hylekoret.
Me har også i 2014 klart å halde på dei trufaste lesarane våre. Nokre fell frå, andre er hjarteleg velkomne, som nye abonnentar. Alle vil ha lokalstoff servert i postkassa kvar torsdag. Det forpliktar for oss og me lovar at me kvar dag gjer alt me kan for å tilfredstille behovet, dei har for å bli oppdatert på det som skjer.
Jula er for mange familie, kos, fred og ro. Forventingane står i kø, og det gjeld både for liten og for stor. Men jula er også tøff for mange. Me har dei siste åra skapt ei klasseskilje i Noreg. Det er kanskje ikkje fair å bruke uttrykka «fattig og rik», for det handlar ikkje berre om pengar. Men det handlar om kva ein får utav alle desse forventningane.
Eg skreiv for eit par år sidan ein leiar, kor eg oppfordra folk til å besøke nokon dei kjente, som sitt mykje aleine i jula, som ei julegåve. Eg hugsa eg blei overvelda over responsen på leiaren. Det var tydeleg at dette var ei utfordring også i velståande Tysvær. Eg fekk personleg takk frå både folk som hadde fått besøk, og frå folk som hadde tatt hintet og besøkt slekt og venner.
Dette har gjort noko med meg, og eg merker at jaget etter julegåver blir mindre viktig. Når problemet i butikken med å finne gåver er at den som skal få, har alt, ja så bør det ringe meir enn julebjeller.
Gjennom eit langt avisår med omlag 1400 sider og svært mange saker, treff me på mange mennesker. Mange av dei er vellukka og glade, og ser ut til å ha få sorger. Men me treff også mange i den andre enda av skalaen. Å vere journalist er i enkeltsaker det same som å vere ein samtalepartnar. Og det skjer noko når me nærmar oss jul. Då saknar me meir tydeleg familie og venner. Då bli pengar og mangel på dei meir synleg. Då blir forventingar frå andre også eit problem.
Jula er på mange måtar ei flott tid. Samstundes er ho vond og vanskeleg for mange. Difor vil eg på nytt utfordre alle til å ta ein ekstra tur i veka før jul. Snakk saman og ikkje ha fokus på alt ein ønskjer seg, og kor mykje pengar og stas ein brenn av i jula.
Gi av deg sjølv, det kan vise seg å vere den beste gåva som er.
På vegne av alle oss i Tysvær Bygdeblad, vil eg ønskje ei god jul. På nyåret kan du kikke i postkassa etter neste avis den 8. januar. Då er me inne i vårt 40. år.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør