Kjetil Djønne blir å høyre både solo og saman med Tysvær Brass på nyttårsmottakinga.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kjetil Djønne blir å høyre både solo og saman med Tysvær Brass på nyttårsmottakinga.

Skal feste 3. januar

Ordføraren si nyttårsmottaking er blitt ein svært så populær start på det nye året.

I år er folkefesten i Tysværtunet allereie 3. januar. Som vanleg er det kultursjefen som står bak og trekk i trådane.
– Det har etter kvart blitt nesten fullt hus på nyttårsmottakinga, og det synst me er skikkeleg kjekt. Det er ein fin måte å seie takk for det gamle og godt nyttår til både vener og ukjende. Då har me ein fin muligheit til å heidre dei som fortener det i året som har gått, og ikkje minst sjå framover i 2015, seier Ingvar Frøyland.
Brass
I år er det Tysvær Brass som skal både opne og avslutte seansen i storsalen i Tysværtunet. Dei har lagt bak seg eit godt år og står fram som eit solid og aktivt brassorkester.
– Dette skal vere ein fest, og kva er vel betre enn å få eit så bra korps til å dra det heile i gang. Me er så heldige å ha eit svært variert og godt kulturliv i kommunen, og korps er på mange måtar noko me er kjent for, seier Frøyland.
Etter at Tysvær Brass har spelt velkommen, så skal ordførar Harald Stakkestad ha si nyttårstale. Der brukar han å minnast det som har skjedd, men også komme med informasjon om kva som er i vente i Tysvær. I eit valår vil det bli ein spanande tale.

Les heile saka i papirutgåva