Nytt lag med snø i natt gjer at det ved nullføre er glatt på vegan evår. Illustrasjonsfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Nytt lag med snø i natt gjer at det ved nullføre er glatt på vegan evår. Illustrasjonsfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Nå ser det mykje betre ut

Det har komme «litt» meir snø i natt og det gjer at vegane våre er blitt litt glattare å ferdas på. Spesielt her i låglandet kor temperaturen er rundt null. Fleire har sendt oss melding på morgonkvisten om lite brøyting. Nå kjem det stadig nye meldingar om brøyta vegar og betre føre.

Det gjeld mellom anna på E134 på strekninga Frakkagjerd – Seljestad kor det for berre eit par timar sidan ikkje såg ut til at brøytebilen hadde vore ute og kor det var «ekkelt» å ferdas. Me har ikkje funne ut om det har vore brøyta på strekninga, men som alltid må ein tilpasse farten etter tilhøva.

Ein rundttur i «vårt» nabolag i ytre sone av kommunen stadfesta meldingane me har fåttt, lite teikn på brøyting.

Etter at me la ut denne meldinga har det komme meldingar om at folk både har møtt brøytebilar og at det har betra seg langs vegane våre. Me har snakka med ein av dei som har vore og brøyta langs vegane sidan klokka 05.00 i dag morges, og han seier at dette har ingenting med sparing å gjere, men at det tar tid å brøyte alle dei strekningane som det er trafikk langs.

yr.no meldar om at det kjem meir snø i natt, og det blir minusgrader til ut på dagen i morgon.