Det har skjedd mykje i Tysvær i løpet av dei snautt 25 åra Stakkestad har vore politisk aktiv. Sjølv om det ikkje alltid berre er skryt å få, poengterte han at det faktisk skjer noko i Tysvær, heile tida.
I si nyttårshelsing til den fullsette salen mimra han om dei utfordringane som har vore og dei utfordringane som kjem. Dessverre for Stakkestad var det lite nytt å love vekk i valkampåret. Men han garanterte for at det skjer noko heile tida og at han i sine siste ti månadar som ordførar, skal stå på.
Han nytta «festen» til å dele ut ei rekkje prisar.
Årets idrettsutøvar blei padlaren Lars Magne Ullvang.
Tysværstatuetten fekk Borghild Yrkje.
Kulturnvernprisen blei tildelt Gro Lavold og Brynjulf Hovland for deira prosjekt på Solstrand.
Tysværdiplom gjekk til racingførarane Bjørn Tvedt og Arild Riise.
Kulturstipend (20.000) gjekk til musikar Kjetil Djønne og høgdehopper Sindre Gelius Eikje.
Årets gjestetalar var Sigmund Hansen.